onsdag 23. november 2011
The Hand Who Rocks The Cradle
Om eg må velje ein film som min favoritt, må det nesten bli The Hand Who Rocks The Cradle(Handa som rører vogga). Eg huskar eg såg han då eg var mindre, og syntes han var utruleg skummel. Men etter som eg blei større, og såg han ein gong til, var den mykje beitre. Filmen er nok ikkje spesielt unik eller fantastisk, men heile settinga og historia er utruleg spannande. Filmen handlar om ei gravid enke som mista mannen sin etter han tok sitt eige liv i audmyking etter å ha blitt tatt for overgrep i jobben sin som lege. Kvinna mistar ungen i sjokk, og bestem seg for å ta igjen på kvinna som anmeldte ektemannen. Ho utgjer seg for å være barnepike og får jobb hos kvinnas familie. Då kjem ho inn i ein psykopatisk tilstand, og øydelegg livet til kvinnas familie totalt. Ho ammar ungen hennar og prøvar å la det virke som ho og mannen hennes har eitt forhold for å øydelegge ekteskapet. Filmen er utruleg god, til å vere frå 1992. Trur eg kan seie at dette må vere min favorittfilm!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg hugsar godt den gongen eg såg denne filmen, eg og syntest den var særs ubehagelig og skummel, hadde vore kjekt å sjå han på nytt:)
SvarSlett